Priser og betingelser for regionruter


Priser
Se Taksttabell Kristiansand - Hovden eller Taksttabell Arendal - Hovden

 

Moderasjonar:

Born
Born under 4 år reiser gratis når reisa skjer saman med ein vaksen person. Barn i alderen mellom 4 og 16 år reiser for 50% av ordinær takst avrunda opp til heilaste krone.

Honnør
50% av ordinær takst avrunda opp til heilaste krone.
Honnørmoderasjon vert gjeve til personar som:
a) er fylt 67 år
b) mottek uførepensjon
c) er blinde
d) er ektefelle med, og reiser saman med person som har rett til honnørbilett etter pkt. a), b), eller c).


LEGITIMASJON SKAL FØREVISAST
For andre moderasjonar kontakt sjåførane eller selskapet.

For studentmoderasjon må det dokumenteres at semesteravgidt er betalt.
 

Generelle reglar:

Bagasje
Håndbagasje og reisegods inntil 20 kg pr passasjer.
Selskapet er ikkje ansvarleg for tap eller skade på reisegods som blir teken med fraktfritt. Ein syner elles til befordringsvedtekter pr. 01.01.1987 godkjende av Samferdselsdepartementet.

Ledsagerbevis
Ledsagerbevis vert utstedt til den som er avhengig av ledsager for å nytte offentlege transportmidlar. Beviset er eit kort med bilete, utstedt av kommune, som bekreftar at korthaldar er avhengig av ledsager. Den funksjonshemma vel sjølv kven han/ho vil nytte som ledsager. Den som innehar ledsagerbevis betalar honnør eller full pris avhengig av alder/pensjonsstatus. Ledsager skal reise gratis.

barnevogn og sykler
barnevogner vert teke med gratis hvis det er plass i bussen. Syklar vert teke med så langt plassen tillet det, og vert å betale med barnetakst (min. kr 20,-).

Levande dyr
Bussar i rute har ikkje plikt til å take med levande dyr. Sjåføren kan krevje at dyr blir sett av hvis dei vert til plage for medpassasjerar, for eksempel allergikarar.

Pakkesendingar
Ein tek imot pakkar for sending. Frakta skal vere betalt på førehand. Farleg gods og levande dyr skal ikkje takast med. Avsendar skal underette mottakar om sendinga. Skada gods vert erstatta etter gjeldane reglar. Bortkome gods som er sett av undervegs i ruta vert ikkje erstatta.


       L/L Setesdal Bilruter    4735 Evje
  adm@sbr.no  Telefon: 37 93 44 00  Telefaks: 37 92 80 80